Unik sjanse!
Valvatne Bygg AS presenterer to prosjekterte bustader på Ørehaug på Stord!
Her kan du sikre deg ein modere og funksjonell bustad i eit populært og sentralt bustadområde!
Bustadene får ei attraktiv plassering på Haga på Stord, i eit populært og etablert bustadområde.
Her bur du sentralt og familievenleg, med kort veg til skule, butikkar, idrettsanlegg, golfbane og hestesportsenter.
Bustadene går over to etasjar og har ei gjennomtenkt planløysing med god plass til både kvardagsliv og sosiale stunder. I hovudetasjen finn du ei open stove- og kjøkkenløysing med ei takhøgd på heile 260 cm. Store vindaugsflater mot utsikta slepper inn rikeleg med dagslys og skaper ei lys og luftig romkjensle.
Både terrassen og inngangspartiet blir overbygde, og kvar bustad får eigen utvendig sportsbod, med moglegheit med carport som tilval. Det moderne og stilreine uttrykket blir kombinert med praktiske løysingar som passar godt for både familiar og par.
Kvar bustad inneheld tre soverom og to bad. I tillegg får du ei romsleg kjellarstove med direkte utgang til uteområdet. Dette fleksible rommet kan nyttast som ekstra opphaldsrom, TV-stove, leikerom, heimekontor eller eit fjerde soverom.
Bustadene blir leverte med gjennomgåande god standard. Kjøkken- og baderomsinnreiinga er frå Sigdal, i modellen Vidde Korn, og blir levert av Stord Kjøkkensenter. Komplett kvitevarepakke er inkludert.
Gjennom ulike tilval får du gode moglegheiter til å setje ditt personlege preg på bustaden og tilpasse han etter eigne behov og ønske.
Her får du ein moderne, komfortabel og lettstelt heim i eit attraktivt område – med det meste du treng i nærleiken.
Les meir om bustadene på denne sida eller i vedlagt prospekt. Me gjer merksam på at bileta er illustrasjonar, og at den endelege leveransen kan avvike frå det som er vist. Du finn informasjon om kva som er inkludert i leveransen i vedlagt prospekt.
I det same du vel oss som husbyggjar startar me arbeidet med å skape ditt draumehus. I tett samarbeid mellom seljar, byggjeleiar og deg, hjelper me deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov.
Prosjektfremdrift
- Planlegging
- Salgsstart3 kvartal 2026
- Byggestart1 kvartal 2027
- Innflytting1 kvartal 2028