Bustad 2

Dei to bustadene vert bygd på ei tomt i ein endeveg av Ørehaug, med adresse Ørehaug 39. Tomta er plassert i eit etablert bustadfelt, med gode solforhold og utsikt mot Langenuen i aust. Det vert opparbeida uteområde i framkant, samt biloppstillingsplass og utvendig carport (med moglegheit for carport som tilval)..

Begge bustadene har to etasjer. Det er open stove- og kjøkkenløysing i hovudetasjen. Takhøgda på 260 cm og store vindaugsflater mot utsikta gir ei luftig og god romkjensle. Terrassar og inngongsparti vert overbygd, og bustaden har eit moderne utvendig preg.

Det er to bad og tre soverom i bustaden. I tillegg er det ei kjellerstove med utgang til uteområdet som anten kan nyttast som eit ekstra opphaldsrom eller eit ekstra soverom.

Innkøyrsel vert lagd med singel og det vert sådd gras på resterande uteområde.

Bustaden vert levert med gjennomgåande god standard. Stord Kjøkkensenter leverer Sigdal kjøkken, type Vidde Korn og 30 mm laminat benkeplate, samt komplett sett med Siemens kvitevarer. Detaljar kring leveransen er beskrive nærare i prospektet. Bustdaen vert også levert med peisomn, type Ild 7.

Du som kunde får høve til å setja ditt eige preg på bustaden, ved at me tilbyr fleire moglegheiter for tilval. Det kan blant anna vere å byggje carport, endre parkett, fargeval på vegg og kjøkken etc.

Plantegninger

Enheter

Enhet
Pris

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Anders Titland

Anders Titland

Seljar

VALVATNE BYGG AS

Meld interesse