Valvatne Bygg AS har for sal to prosjekterte bustader på Ørehaug på Stord.

Her kan du sikre deg ein modere og funksjonell bustad i eit populært og sentralt bustadområde!

Bustadene ligg i det populære området Haga på Stord, og ligg i eit etablert bustadområde.

Dei ligg med kort avstand til skule, butikk, idrettsanlegg, golfbane og hestesportsenter.

Det vert bygd to bustader på tomta; begge med to etasjer og carport. Det er open stove- og kjøkkenløysing i hovudetasjen. Takhøgda på 260 cm og store vindaugsflater mot utsikta gir ei luftig og god romkjensle.

Terrassar og inngongsparti vert overbygd, og bustaden har eit moderne utvendig preg.

Det er to bad og tre soverom i bustaden. I tillegg er det ei kjellerstove med utgang til uteområdet som anten kan nyttast som eit ekstra opphaldsrom eller eit ekstra soverom.

Bustadene vert levert med gjennomgåande god standard. Kjøkken og bad er i merket Sigdal, Vidde Korn, og vert levert av Stord Kjøkkensenter saman med komplett sett med kvitevarer.



Avstandar

Barneskule
20 min gange
Ungdomskule
14 min gange
Butikk
6 min gange

I det same du vel oss som husbyggjar startar me arbeidet med å skape ditt draumehus. I tett samarbeid mellom seljar, byggjeleiar og deg, hjelper me deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov.

Prosjektfremdrift

  • Planlegging1 kvartal 2025
  • Salgsstart2 kvartal 2025
  • Byggestart3 kvartal 2025
  • Innflytting4 kvartal 2026

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

avatar

Anders Titland

Seljar

Meld interesse